onsdag 26. september 2012

Knausenfolk: Vaktmester med et smil

Vaktmester i Knausen: Peder Neråsen


(Tekst og foto: Stein Pettersen-Ervik) 

- Det er så rotete her no, eg måtte flytte kontoret på grunn av arbeidet etter lekkasjen i røret under gata her ute.

Velferdskomiteens utsendte møter vaktmester Peder Neråsen i fyrhuset i Radarveien 69. Han har nok av små og store ting å fikse, mannen som sørger for at alt fungerer som det skal i Knausen borettslag. Men han tar seg likevel tid til ein hyggelig prat.

- Å få jobbe med folk er noko av det beste ved å vere vaktmester,  synes han. Peder likar også det store spennet i arbeidsoppgåver. 

Ein vanlig arbeidsdag kan by på å fikse alt fra garasjeportar, låssylindrar, utgangsdører, callinganlegg og lysarmatur.  

- Eg er tidligare melkebonde, født og oppvokst på ein gard, så praktisk arbeid passar meg godt.

Kombinasjonen av å kunne jobbe både ute og inne er Peder også glad i. Faste gjeremål er å gjere søppelhusa klar til tømming på torsdagar, og ”lyserunden” for å sjekke om det må skiftast pærer i oppgangane. 

- Eg tek gjerne lyserunden mot slutten av veka, så folk slepp å ha mørk oppgang i
helga, forteller han. Og ein plan for arbeidet må til, med så mange forskjellige arbeidsoppgaver. - Det er lett å kaste bort mykje tid om ein blir flyande hit og dit etter kvart som ting dukkar opp. Så eg må vere litt streng og strukturert med meg sjølv.

Ofte kan du sjå Peder på jobb både før og etter vanleg arbeidstid. Han har vore på plass så tidleg som halv seks på morgonen, og hatt utrykking klokka elleve på kvelden på grunn av problem med fyringa på vinteren. 

- Men vi får håpe det blir mindre av den slags framover, seier Peder, som gler seg til det nye fyringsanlegget er heilt oppe og går.  

Han synes Knausen er eit veldreve borettslag, både med tanke på bygningsmassen, grøntareal og fyringsanlegget. Etter hans mening ligg Knausen 2-3 divisjonar over mange andre borettslag på Lambertseter og han syns det er overraskande lite fokus på dette i boligannonsane. 

- Det er som om folk som skal selge ikkje heilt er klar over kvaliteten på borettslaget.

På spørsmål om det er noko han har lyst til å seie til alle i Knausen, svarer han: 

- Send gjerne e-post eller sms i staden for å ringe om du har muligheit til det. Det
fungerer så fint som notatbok. Og prøv å finne ei anna luke til søpla om den du
brukar til vanleg er full. Det er alltid plass, men kanskje ikkje i luka som er nærmast døra. Ikkje sett søpla på bakken, i alle fall. Da forer vi rotter og måker. Og husk dobbeltknute, seier Peder lurt.

- Men eg syns folk er flinke jamnt over, avsluttar han med eit smil. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar